Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Edel design på vandring med Fjord og fjell

Edel design på vandring med Fjord og fjell

Jon Olav Ørsal Fredag 6. august 2010

Onsdag 11.august kl 18 er det duka for ei heilt spesiell hending i Svinviks arboret – da blir det visning av Edel design – edle, norske designklede – i blomstrande samspel med jazz- og folkemusikkinspirerte tonar frå musikarane i Fjord og fjell.

Norsk vandrefestival er arrangør i samarbeid med Nordmøre museum i Surnadal. Da får vi oppleve prisbeløna, norske designklede som skal vandre i ein duftande seinsommarhage ilag med jazz- og folkemusikktonar frå Fjord og fjell. Arboretet sørgjer for at smakssansen får sitt, og modellane ber blomster frå hagen i hand.

Merket Edel design står for rå eleganse i reine naturmaterialar – nydelege, kortreiste klede skapt i Norge av designer Edel Urstad.

Fylkesmusikarane i gruppa Fjord og fjell improviserer innafor sjangrane jazz og folkemusikk- og vil skape musikken der og da under denne spesielle visninga.

Her blir det altså edle kleskreasjonar og blomsterarrangement i komposisjon med spennande musikk – sanseleg samspel for auge og øyre. Med gode smakar frå sommarkaféen i arboretet attåt, blir dette ei oppleving for alle sansar – så møt opp Svinviks arboret i fine augustkvelden! Les meir om programmet her

Billettar ved inngangen. Vaksne kr 120 – born under 16 år gratis.

Publisert: 6. august 2010, 21:00