Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Dyktig gjeng!

Dyktig gjeng!

Elinor Bolme Tysdag 20. desember 2011

I går kveld var foreldre og besteforeldre benka i gymsalen på Todalen oppvekstsenter for å oververa årets juleavslutning. Her hadde både skuleelevar og barnehageungar øva inn både sketsjar, songar og høgtlesing. Og som vanleg var det fornøyeleg å vere publikumar. Særleg dei yngste imponerte stort med sine framføringar av mange innøvde julesongar. Innsatsen var det ingen ting å seie på.

Etter underhaldninga vart det kaffelag med mykje godt til kaffen og litt tid til ein prat før einingsleiar Bjørn Høvik spela opp til litt gong rundt juletreet. Og heilt til slutt kom nissen som bestilt!

Under er ein del bilder frå avslutninga. Alle foto ElinorB

Publisert: 20. desember 2011, 22:18