Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Dugnadsånda lever i beste velgåande

Elinor Bolme Onsdag 6. mai 2020

I går kveld kalla Todalen sokneråd inn til dugnad på kyrkjegarden. Og for ein respons dei fekk! Nærare 40 personar tok turen innom for å hjelpe til med vårpussen på «sin» kyrkjegard. Her var det raking, kvisting, klipping, planering og mykje sosialt samvær. Det brukar alltid å væra eit særs godt oppmøte på kyrkjegardsdugnadane på våren. I år kan kanskje koronasituasjonen og den gradvise opninga av samfunnet tilskrive at folk møtte opp for å treffe andre i bygda.

Alle hadde med eige arbeidsutstyr, folk held avstand og soknerådet stilte ikkje med si tradisjonelle servering slik som retningslinjene er. Det siste var nok eit sakn, men skal ein følgje dei nasjonale retningslinjene for å unngå utbreiing av smitte, så er det nok greit å høyra etter. 

Soknerådsleiar Kristian Harstad Gjeldnes kunne meddele at den tidlegare avstenginga av vasskranen og bruk av kyrkjegardskannene var oppheva. -No renn vatnet i krana og ei kanne er framsett til bruk, fortel han.

Antibac er no tilgjengeleg ved krana. Kristian oppfordrar folk til å benytte seg av dette, eller iføre seg hansker når ein skal til med vatning utover sommaren. Redskap må den enkelte fortsatt ha med seg sjølv.

-Artig å sjå at det vises når ein vaskar, seier John Moe og tek eit tak med kosten for å skrubbe bort sopp før han spylar reint.

Under er enda fleire bilder fra dugnaden. 

Først publisert: 6. mai 2020, 04:00 - Sist oppdatert: 5. mai 2020, 22:44