Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Dugnad – rydder og pynter til Todalsdagen

Jon Olav Ørsal Onsdag 29. juni 2016

Det var folksamt på Bordholmen da det var kalla inn til dugnag for å rydde og pynte til Todalsdagen. Med mange hender gikk arbeidet fort unna og neste dugnad som er fredag kveld vil i hovudsak dreie seg om å få på plass og montere utstyret som skal brukast laurdag, under arrangementet. Arti at det er så mange som stiller opp på dugnad, seier leiar i Todalen I.L. Steinar Frøystad.

Kveldens dugnadsinnsats har i stor grad dreid seg om kantslått – ein gjeng utrusta med kantkløpparar har finpussa området rundt banen som ikkje kunne nås med plenkløpparen.  Mannskap med river samla opp graset og køyrte det vekk. Elles er måla utplassert, og løpebanen er pussa opp og har fått eit lag med grud, der grøfta for breibandskabelen har gått. – Snart er det klar for ei storstila todalshelg med mange aktivitetar.

Loppegjengen minner om innlevering av lopper både torsdag og fredag frå kl 19 og utover!

Bildeglimt frå dugnaden på Bordholmen onsdag kveld.  Foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 29. juni 2016, 21:58