Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Dugnad på Skihytta – ny vegg i ein fei…

Jon Olav Ørsal Sundag 26. mars 2017

Denne helga har det vore dugnad på Skihytta. Det har i lang tid vore planlagt å arrangere dugnad for å få på plass ny bordkledning. Fredag ettermiddag starta dugnadsgjengen på 6 mann frå Øyalia, med kurs for skihytta.  Eigentleg var det to dugnadsgjengar – ein ut og ein inne. Utegjengen fikk nok føle at vindkasta kan være utruleg sterke på Ørsalmyrane…

Her er utegjengen i gang med arbeidet. Foto: Torkjel A. Moe

Utegjengen bestod av dugnadssjef Gunnar Nordvik, Lars Kvendset, Ståle Ansnes og Torkjel Moe. Kjøkkengjengen var Terje Nordvik og Zakki Børset. Ivar Bolme frå skuterkomiteen sørga for skutertransport både av mannskap og utstyr.  Det var den øvre veggen som vart skifta ut med ny kledning. Talgø sponsa heilt ny MøreRoyal kledning til heile veggen, så no er Skihytta godt forspent i lang tid framover.

Uten mat og drikke… – her serveres det lunch til snekkarlaget. Foto: Terje Nordvik

Terje N. og Zakki sørga for at snekkarlaget fekk nok kaloria å forbrenne i den kalde vinden. Foto: Torkjel A. Moe

Innomhus vart det servert 3-retters middag fredag kveld. Seranoskinke til forrett, bacalao til hovudrett og sjokoladepudding med vaniljesaus til dessert. Med ein solid frukost laurdag morgon var utegjengen klar til dyst. Dagen starta med sterk vind, men med termodress som arbeidsantrekk gikk det bra å rive av gammel kledning og få på ny MøreRoyal-kledning. Veggen vart inndelt i tre felt, og det vart arbeidd effektiv og rasjonelt og kl 16.00 var det klart for å sette i den siste skruen og erklære veggen for ferdig.

Innegjengen sørga sjølvsagt for påfyll av energi utover dagen –  10-kaffe med nystektebakels og 3retters lunch litt lenger utpå dagen.  Hyttesjef Terje Nordvik ga klart uttrykk for at han er letta over at arbeidet er ferdig, og han rettar ein stor takk til dugnadsgjengen og til Talgø som har sponsa alle materialane. No er vêrveggen på plass og garantert å vare i minst 50 år.

I 16-tida var arbeidet avslutta og Lars kunne skru inn den siste skruen – her saman med Ståle Ansnes. Foto: Torkjel A. Moe

Torkjel sørga for bilder til Todalen.no og deltok i dugnaden saman med snekkargjengen. Foto: Terje N.

 

Publisert: 26. mars 2017, 12:20