Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Dugnad på Bordholmen tysdag kveld

Dugnad på Bordholmen tysdag kveld

Jon Olav Ørsal Sundag 26. juni 2011

Tysdag kveld blir det dugnad på Bordholmen frå kl 17.30 og utover. Det er fotballgruppa og banekomiteen som er arrangør, og dei treng 10 sterke menn med slegge og spett, og de som føler seg kvalifisert stiller med slik utstyr, skriv Bjørn Hauglann i ein e-post  til Todalen.no.  4 menn skal spikre ny utgard rundt Bordholmen, og det vil stå kappsag, spikarpistol og kompressor klar til bruk.

Vidare trengs ein gjeng med vanlig jarnriver og anna høveleg utstyr til å fiffe opp og rydde rundt omkring på anlegget.  I tillegg trengs det 4 kant kløpparar, ein kraftig graskløppar (Terje N.) og traktor med tilhengar (Håvard H.) I tillegg trengs eit par personar til å klistre merkelappar på 400  pokalar.

Og sjølsagt blir det dugnadskaffe. 3 skuffekakespesialistar (Elinor, Carina og Kristine) rykkjer inn når det lir utpå kvelden, og sørgjer for at alle får påfyll og ny energi.

Med bra oppmøte og ein effektiv gjeng går arbeidet fort unna.

Publisert: 26. juni 2011, 21:15