Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Dugnad: Klare for ny sesong i arboretet

Dugnad: Klare for ny sesong i arboretet

Jon Olav Ørsal Måndag 6. mai 2013

Måndag kveld var det tradisjonell dugnad og klargjering for ny sommarsesong i Svinviks arboret. Kvart år kjem ein iherdig gjeng frå Surnadal hagelag og andre hagevenner for å være med og ta eit skippertak for å rydde vekk rusk og rask etter vinteren. Sommarsesongen i Svinviks arboret startar laurdag 11. mai og varer fram til 11. august. Arboretet blir i år ope onsdag til søndag mellom kl 12 og 17. I tillegg er det langope på onsdagar i juli, fram til kl 20. i arboretet er det kafé der dei har eit smakfullt tilbod av kaffe/te og sommarlege kaker i tillegg til mykje anna. 

Svinviks arboret har ei av landets største samlingar av rododendron, og den er no i startfasa for årets blomstring. Nokre er alt komne i blomstring, og yr.no melder no høgare dagtemperaturar, og da vil nok blomstringa starte for fullt i løpet av nokre dagar. Her kan du laste ned arboretets infoark.

I sommar skal også Svinviks arboret være verstskap for Norsk Vandrefestival. Det skjer i perioden 2.- 4. august, og da blir arboretet samlingspunkt og base for aktivitetane i samband med festivalen.

Bilder frå dugnadskvelden i Svinviks arboret.   Alle foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 6. mai 2013, 22:00