Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Dugnad i oppvekstsentret

Dugnad i oppvekstsentret

Jon Olav Ørsal Onsdag 16. juni 2010

Det er no 20 år sidan uteområdet rundt barnehagen vart etablert, og onsdag kveld var det storstila dugnadsopplegg for å ordne opp og oppgradere anlegget litt. Det vart saga ned busker og greiner rundt plassen og plankane rundt sandkassane vart skifta ut med impregnert. Det vart raka og kosta, slik at det vart både ryddig og fint rundt anlegget. Enkelte av lekeapparata trong reparasjon og bade store og små dugnadarbeiarar var travelt engasjert.

Det var nokre av foreldra som hadde samlast til dugnad for å rydde opp etter ein lang vinter og mykje bruka område. For både ballbingen og lekeapparata er også bruka etter skuletid og da er det litt kjekt at ting er i orden.

Publisert: 16. juni 2010, 19:52