Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Dugnad i hamn

Dugnad i hamn

Ole Petter Talgø Sundag 12. juni 2011

Laurdag arrangerte Todalen Småbåtforening dugnad rundt småbåthamna. Det var tid for å rydde rundt hamna og badestranda som ligger like ved. Leiar i Todalen Småbåtforening, Lars Stensby, var godt fornøgd med det som blei gjort i løpet av de drøye to timane dugnadsgjengen arbeida. Det blei slått gras, rydda noko trær og plukka søppel rundt på moloen og ved badestranda.

Nils Ove Bruset, Gudmund I Kvendset og Per Reiten ryddar området ved badestranda til ein ny sesong. Eit skybrudd midt i dugnaden gav ein kort pause i arbeidet.
Publisert: 12. juni 2011, 01:33