Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Dugnad i Båthølen

Elinor Bolme Onsdag 28. august 2019

Fredag og laurdag arrangerer Toåa turisti dugnad i Båthølen. Per Gjeldnes har som tidlegare nevnt starta gravararbeidet på turvegen ned frå Bønnavollen. I den forbindelse er det no behov for at resterande av skogen i Båthølen blir fjerna, slik at også tomta til gapahuken kan opparbeidast.

Dette må gjerast snarast, og turstigruppa inviterer derfor til dugnad fredag kl 10 og laurdag klokka 10. Det er behov for mannskap både med og utan motorsag, da strangar og kvist lyt flyttast litt. 

Dugnadsansvarleg Michal Heimlund håper derfor at nokon har lyst til å komme ein tur ein eller begge dagane. Er det nokon som har lyst til å overraske med dugnadskaffe er dei hjarteleg velkomne til det, seier han.

Denne småskogen heilt opp til benken må bort.

 

Først publisert: 28. august 2019, 05:00 - Sist oppdatert: 27. august 2019, 21:57