Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Dugnad 2: Opprydding på båthamna

Dugnad 2: Opprydding på båthamna

Jon Olav Ørsal Laurdag 21. april 2012

Laurdag var det også dugnad på båthamna på Kvennset. Julstormen «Dagmar» hadde nærast fylt opp hamneanlegget med  drivved, rusk og rask, og dugnadgjengen samla opp ein stor dunge som skal køyrast vekk og brennast. Ledar i Todalen Båtforening, Lars Stensby er godt nøgd med dugnadsinnsatsen frå medlemar og andre som sørga for skikkeleg opprydding i båtanlegget og området omkring.

Det blir nok meir dugnad utover våre i båthamna også, for her skal ein renovere fleire av pontongane i byggeanlegget. Dette vil pågå utover våren og Stensby antydar at laget kan bli litt forsinka med sesongstarten på grunn av dette arbeidet. Dette har si årsak i at dugnadsarbeidet er litt forsinka på grunn av snøfallet i påska, som har hefta dugnadsarbeidet.

Stensby seier også at laget enno søkjer etter ein habil hamnesjef for båtanlegget. Så dersom det er nokon som er interessert i den jobben er det berre å ta kontakt med Lars Stensby for nærare informasjon.

Nedanfor finn du eit bildegalleri frå dugnadsarbeidet i båthamna på laurdag.  Foto: Lars Stensby

Publisert: 21. april 2012, 19:30