Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Du vår med ljose dagar

Elinor Bolme Måndag 29. mai 2017

Onsdag 31.mai kl.19.30 er det duka for Vårsongkveld i Ranes kyrkje med fleire kor og instrumentalistar. Dei får besøk av Tingvoll kyrkjekor med dirigent Jan Hamberg og i tillegg blir to lokale kor: Tordenskjold Songlag med dirigent Elin Persson og Damekoret Credo med dirigent Oddveig Helset Halle.

På reportuaret til kora er det variert og flott musikk og dei vil avslutte konserten med eit fellesnummer. Det blir allsong frå den nye salmeboka der ein syng songar som høyrer til denne årstida. Tove Elin Strand blir med på fløyte og Karina Kosjanenko på fiolin og Kirsti Hjørnevik vil leie kvelden.

Vårsong i Ranes kyrkje 2017 jms

Velkomne til ei fin kveldstund i Ranes kyrkje melder kyrkjekontoret.

Først publisert: 29. mai 2017, 04:37 - Sist oppdatert: 28. mai 2017, 21:41