Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Dreng med drømmejobb

Jon Olav Ørsal Sundag 19. juli 2015

Peder (19) er dreng på Todalshytta i sommar – ein drømmejobb å være her på Todalshytta og drive med førefallande arbeid. Eg driv eigentleg med alt muleg – unnateke matlaging, og arbeidet er så variert at ein rekk ikkje å bli lei.

Peder Reiersrud kjem frå Smestad i Oslo, og var ferdig med vidaregåande skule i vår. Til hausten ventar forberedande, og det skal han ta i Argentina – så i slutten av august sett han seg på flyet og blir borte til jula nærmar seg. Etterpå vil han prøve å finne seg ein jobb fram til neste haust, for da planlegg Peder å starte på jusstudie.

Men med etternamnet Reiersrud og som son til Knut Reierrud, er det naturleg å spørje om Peder også driv med musikk. – Jo da, han trakterer gitaren, men det var meir da eg var yngre, og no blir det berre til husbruk. – Satsar ikkje på nokon karriere som musikar, så eg blir nok berre hobbymusikar.

På har han vorte god kompis med hunden Ulv, som høyrer huset til. Eigentleg er eg ikkje nokon hundeelskar, men daglege lufteturar med Ulv har nok gjort oss til gode vener. Peder har også prøvd seg som laksefiskar – det har vorte mange turar i Toåa etter kvart, men resultatet lar vente på seg.

Peder trives godt på Todalshytta og i Todalen. Dei få finvêrsdagane som har vore har han nytta til å sjå seg rundt i bygda, og sist fredag var han til Kårvatn besøkte mellom anna Nauståfossen, – flott natur i Todalen, skryter han.

Peder skal stå i som dreng ei vekes tid enno – men eg dreg ikkje herifrå før eg har fått på land ein laks, gliser Peder til slutt.

 

Publisert: 19. juli 2015, 10:24