Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Dreg til England på fotballtur…

Dreg til England på fotballtur…

Jon Olav Ørsal Torsdag 12. april 2012

Fredag dreg juniorlaget G-19 på fotballtur tul England fortel manager Terje Nordvik til Todalen.no. Det dreier seg om ein motivasjonstur som deltakarane har betalt frå eigen lomme og det er 11 ungdomar og 4 vaksne som fredag setter seg på flyet til Heathrow via København. Vel framme i England går turen vidare med to til Manchester, der dei laurdag skal på omvisning på Old Trafford og på museet til Manchester United. Søndag kl 16 er helgas høgdepunkt med kamp mellom Manchester unite og Aston Villa.

Som sagt er turen en motivasjons- og trivselstur, og dei vil nok kose seg med forskjellige aktivitetar mellom slaga og heile gjengen gler seg nok til Englands-turen. Men måndag går turen heimover igjen og attende til trening og førebuing til sesongstart. Vi ønsker heile gjengen godt tur og håpar at vi får mange fine bilete frå turen til Manchester.

Publisert: 12. april 2012, 18:31