Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Død sel – sjeldan gjest i småbåthamna

Jon Olav Ørsal Fredag 27. juli 2018

Fredag vart det funne ein død selunge på yttersida av småbåthamna på Kvennset.  Området rundt småbåthamna, der elva og fjorden møtes, er hyppig bruka til bading og det var badegjestar som oppdaga den døde selungen som låg i flomålet.

Selungen bar preg av at det har ligge ein dag eller to i området. Foto: Jon Olav Ørsal

For ei vekes tid var den observert inne i småbåthamna, men da stakk den av og svømte ut av båthamna og ut i Todalsfjorden. Den var kanskje morlaus, for det var bare ungen som var observert den gonger og.  Den har iallfall endt sine dager på utsida av båthamna og nokon må ta ansvar for å få den fjerna, før det blir lukt og forurensing av kadaveret.  Kadaveret bar preg av at det har ligge ein dag eller to i fjæra. 

Publisert: 27. juli 2018, 14:42