Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Det vart ei vakker «Lykkekstynnj» i Ungdomshuset

Dordi Jorunn Halle Laurdag 1. september 2018

Svanhild Husby med band inviterte til «Lykkestynnj», og det vart ei god og fin stund i Ungdomshuset med vakker song og musikk; – tekster som varierte frå dei fine og vare til dei meir lette og humørfylte. Svanhild Husby er utruleg flink både med ord og tonar!

Denne kvelden var alle på scena todalingar, kunne Svanhild fortelje, og langt på veg var det slik. Aktørane var enten fødde og oppvaksne i Todalen, eller så hadde dei mor eller bestemor eller fjernare aner frå bygda, andre var inngifta og Ola Langli frå Rindal fekk vi høre var «verdsmeister i å vera todaling»!?

Svanhild Husby hadde skrive dei fleste tekstene sjølv, men ho hadde med tekster frå Jørgen Gravvold, Hans Hyldbakk og Gøran Rønning. I tillegge er dei aller fleste melodiane også sjølvlaga – imponerande! I tillegg til Svanhild så er Linda Botten, Frank Spoon Botten og Ola Langli faste medlemer i bandet.

Svanhild skriv på dialekt – god og lett spåkføring; og alle aktørane skal ha ros for tydeleg og god tekstuttale!

Jan Peter Husby. Foto: Dordi J H

Bandet opna konserten med «Månekveld» Hans Hyldbakk, stemningsfull tekst og melodi – passa så godt denne fine og siste augustkvelden i Todalen. «Gammelbrit og guten» var laga etter inspirasjon frå gammel historie frå Kårvatn fortalde Svanhild – altså lokal tilknyting.

Svanhild har ei stor og rikhaldig samling av songar og viser, alle framført på beste vis. Alle kan ikkje nemnast, men litt meir om nokre av innslaga:

Todalingen Jan Peter Husby framførte «Lykkeland» – Svanhild sa det slik: «Eg var ikkje lykkeleg da eg laga songen, men eg blir lykkeleg når Jan Peter tolkar songen min så flott!»

Jonne Botten var den yngste på scena. Foto: Dordi J H.

Halvor Drøpping – han og Jonne song så fint om han bessfar. Foto: Dordi J H

Eit anna utruleg fint innslag var duett mellom Jonne Botten og Halvor Drøpping med «Ein liten bessfarsong» av Jørgen Gravvold – både stemningsfullt og rørande. Ungguten Jonne hadde både mor, far og onkel på scena, og i salen sat både besteforeldre og oldemor!

Litt meir fart og trøkk vart det når «Han Olaf og møkkja» og «Trollblod» vart framførte av bandet med forsterkningar.

Svanhild Husby fortalde at det hadde vore ei stor glede å arbeide med prosjektet «Lykkestynnj». «Vi har hatt det så kjekt på alle øvingane!»

Desse var med og laga ein svært så fin kveld i Todalen. Frå venstre: Jan Peter Husby, Halvor Drøpping, Jonne Botten, Lars Sæther, Ola Langli, Svanhild Husby og Frank Spoon Botten. Foto: Dordi J H.

Aktørane på scena var allsidige; alle song og dei fleste spela på eitt eller fleire instrument, og dyktige var dei! Publikum i Ungdomshuset likte godt det dei høyrde, ståande applaus til slutt!

Linda Botten song solo, kora og spela på ymse instrument. Ola Langli til høgre. Foto: Dordi J H

Svanhild Husby spelar på mange strenger både med ord og tonar! Foto: Dordi J H

Publikum kosa seg i Todalen ungdomshus! Foto: Dordi J H

I morgon kveld er det siste sjanse til å få med seg «Lykkestynnj» – da er det finale på Billaget i Surnadal! Svanhild og gjengen ønsker alle vel møtt der!

 

 

 

Publisert: 1. september 2018, 01:20