Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Det vårast

Det vårast

Elinor Bolme Måndag 15. april 2013

Dei siste dagane har temperaturen vist godt over 10 grader og tidvis landvind. Dette har naturleg nok ført til stor is- og snøsmelting med mykje vatn i bekkar og litt utanfor dei naturlege fara.

Først på dagen i dag fekk redaksjonen beskjed om at isfårra ved gammelfabrikken held på å sleppe taket. VI var så heldige å få sendt Jon Bruset oppover for å ta nokre bilder til oss. Isfårra var ikkje av dei største, så den hadde ikkje voldt store skadar på turen nedover elvefaret.

Under er nokre bilder fra isfårra og snøsmelting ellers. Foto Jon Bruset og ElinorB

Publisert: 15. april 2013, 21:58