Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Det var Akita og Brit!

Det var Akita og Brit!

Jon Olav Ørsal Tysdag 22. desember 2009

Vi har fått tilsendt bilde og helsing frå Brit Grønmyr som nok dokumenterer at det ikkje var gaupespor som var observert på Storhaugen i helga.
Ho skriv: «Underteikna og ein Akita var på Storhaugen 19. des, gikk opp frå Brusetbotnane og ned Korslia. Vi sat og kika på utsikta frå Trimposten som vedlagt bilete viser, og dette vart det spor av.»
Dermed er nok den saka avklara. Jon Bruset at det var sikre gaupespor etter skogsvegen opp Bjørålia denn dagen, og det var nok dei som hadde lura han oppå Storhaugen.
Ferske far på Storhaugen.  Foto: Brit grønmyr
Akita skuer utover Todalen frå Storhaugen.  Foto: Brit Grønmyr

Publisert: 22. desember 2009, 08:13