Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Det skjer i romjula – bli med!

Jon Olav Ørsal Fredag 26. desember 2014

Romjula er ikkje berre tid for familie og private juleselskap. Spesielt er 3. juledag ein aktiv dag, med både romjulsmarsj og julerevyen «Romjulsdrønn. 5. juledag er det open pub på Pakkhuset kro. Du kan starte på romjulsmarsjen mellom 12 og 15, med regisstrering og gløggservering på Sandstad og på Bruset. Bli med og få litt trim – det gjer så godt!  Romjulsmarsjen har enkelte år samla over 150 deltakarar, og er eit triveleg tiltak som folk sett pris på. Der kan du treffe venner og kjente på turen rundt bygda.

Juledrønn_logo1

Julerevyen «Romjulsdrønn» kjører to førestillinga 3. juledag – den første kl 16 på ettermiddagen (utan gjesteartistar) kostar kr 50, medan hovudførestillinga startar kl 20, der det deltek gjesteartistar. Her blir det også matservering, med meksikansk buffe og salg av øl og vin. Billettpris kr 200 som dekkjer inngang og underhaldning.  Etter programmet blir det ein svingom. Billettsalg på Matkroken Todalen og ved inngangen.

Vertskap_Pakkhuset_9340_L

5. juledag er det open pub på Pakkhuset kro på Todalsøra.  Vertskap er Synnøve Helland og Erling Halle som sønskjer alle velkomne til ein triveleg pubkveld frå kl 21 og utover kvelden.

Elles blir det rapportert om fine tilhøve på Tjønnmyran der lysløypa er preparert – men framleis manglar lys. Lurt å ta med haulykt dersom du vil bruke lysløypa på kveldstid.

 

Først publisert: 26. desember 2014, 12:47 - Sist oppdatert: 27. desember 2014, 11:11