Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Det lyser i alle grender

Elinor Bolme Onsdag 4. desember 2019

I går kveld var det Brusetmarka sin tur til å få tent lysa på julegrana si. Også her har det vorte ein tradisjon med felles samling i Trudvangkrysset, servering av gløgg, pepperkaker og litt sosialt samvær. Til tross for at vêrguden hadde hatt fullt opp med regn tidlegare på dagen var det godt oppmøte med både vaksne og born frå Bruset og opp til Kårvatn. Regnet held seg på avstand og dei frammøtte kosa seg i lag.

Grana var naturleg vis eit prakteksemplar frå dei fine Brusetskogar, og lyser no fint opp for alle forbipasserande no framover.

Torill Talgø fekk æra av å tenne lysa i år. Om det var fordi ho var dagens bursdagsbarn skal ikke seiast…

Smågutane grillar marshmallows på bålpanna.

Inne i garasjen på Trudvang var det topp servering for ein kvar ein smak.

Også litt lengre ned i bygda hadde det vore ei lita lysmarkering. Bekkerhagan Vel sette fredag kveld i kontakten på sin julepåle, som ikke må forvekslast med Todalspålen. 

Publisert: 4. desember 2019, 05:00