Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Det LXXXII Seterrennet (resultat)

Det LXXXII Seterrennet (resultat)

Jon Olav Ørsal Fredag 2. april 2010

Det 82. seterrennet på Nordviksetra vart fullklaff med nærare hundre deltakarar på skirenna. Omkring 2oo personar møtte opp for enten å ta del i skirennet eller for å være publikummarar. Ein buss sørga for transport opp lia på høgde med setra og dermed vart det ein kort og lettvint skitur over til setergrenda med.  På setervollen var det både langrenn, kulekjøring og hopprenn med god deltaking.

Langrennet gikk på idealtid, og hadde 24 deltakarar i den korte løypa og 35 i den lengste. Idealtida var henholdsvis 4,5 og 15 minutt.  Både kulekjøringa og hopprennet hadde 19 deltakarar, så tilsaman var det altså 97 deltakarar og det er kanskje ny rekord?

Resultatlista finn du ved å klikke her.

Nedafor har vi laga eit galleri frå Nordviksetra.   Alle foto: Ola Magne Nordvik

Først publisert: 2. april 2010, 20:30 - Sist oppdatert: 5. april 2010, 08:51