Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Det lir mot vår og våronn

Elinor Bolme Torsdag 13. mars 2014

Våren er emning, med opp i mot 10 grader på dagtid og tidvis lauvsprett i følge hovedbildet. Dette gjer at nokon allereie har teke første vårpuss i hagen, medan andre faktisk har begynt å ha ut husdyrgjødsel. Fleire todalen.no har snakka med har stussa på dette, og etter ein henvendelse til jordbrukssjefen i Surnadal kommune fekk vi ei oppklaring. Dersom det ikkje er tele i jorda og vekstsesongen er i gang, er det faktisk heil ok å byrje allerede noå spreie husdyrgjødsel, fortel jordbrukssjef Mona Rosvold. Sidan det har vore høg temperatur ei tid no, så kan faktisk bonden sjølv vurdere dei lokale klimatiske forholda som mogleggjer ei tidleg (eller sein) spreiing på grunn av for eksempel fulle gjødsellager.

Når det gjeld regelverket om spreiing av husdyrgjødsel, forklarer ho at målet er at dette ikkje skal føre til forurensing av vassdrag og gjødsla bør derfor spreiast i vekstsesongen når plantane tar opp næringsstoffa. Definisjonen av vekstsesong er litt vanskeleg, men i følge miljødirektoratet ser vi at dette er sesongen for aktiv plantevekst i de nordiske land bør defineres som perioden der døgnmiddeltemperaturen er over 5°C.

  • I tida frå og med 1.november til og med 14.februar er det forbud mot spreiing av husdyrgjødsel. I svært spesielle tilfelle kan kommunen gjere unntak frå dette etter søknad, men må sikre at dette ikkje fører til forurensing av vassdrag.
  • Frå 15.februar kan ein spreie gjødsel om det ikkje er tele i jorda eller snø- eller isdekke.  Sprer ein i tida frå 15.februar til vekstsesongen startar, må ein molde ned gjødsla / pløye raskt.
  • Er vekstsesongen i gang, kan ein spreie gjødsla utan nedmolding / pløying. Sjå «Forskrift om gjødselvarer m.v. av organisk opphav», kapittel 6 og 7, på Lovdata.no. Surnadal kommune har ei lokal forskrift om spreiing av husdyrgjødsel på eng på hausten, der dette er tillatt til seinast 20.september.

 

Det ideelle er så klart å spreie på vår og sommar, men ettersom mange bønder har eldre driftsbygningar,  kan gjødsellageret vere i minste laget ettersom produksjonen ofte er større no enn før.  Dette kan føre til mange utfordringar i praksis, forklarer Rosvold.

bilde 1

 

Blir det grønt gras innan nokre dagar er det vekstsesong og ingen tele. Blir det ikkje grønt, er det tele og ikkje vekstsesong. Blir det kvitt, så har det snøa og gjødsla vil med stor sansynlegheit renne ut i Toåa.

Publisert: 13. mars 2014, 20:45