Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Det går sakte men sikkert framover

Det går sakte men sikkert framover

Jon Olav Ørsal Onsdag 28. august 2013

Det er sikkert mange som er utålmodig og tykkjer det går sakte med sikringsarbeidet på rasstaden i Stranda. Men det er full aktivitet kvar dag, og vi hører mange «drønn» frå dynamittsalver gjennom ein dag. Sakte men sikkert blir det veg oppover rasområdet, men dette er vanskeleg og risikofylt arbeid som berre må ta litt tid.

Jon bruset var på rasstaden tysdag, og har nokre bilde som viser litt av dimensjonane og korleis arbeidstilhøve er for dei som jobbar med å sikre området. Når området er ferdig sikra vil arbeidet med fylkesveg 671 ta til, og da vil det nok ikkje ta så lang tid før dei har ein kjørebane klar. Todalen.no følgjer opp så snart det kjem meir informasjon frå Statens vegvesen.

Bilda viser at det er dimensjonar når ein kjem tett på i rasområdet.  Foto. Jon Bruset

Publisert: 28. august 2013, 19:13