Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Går det mot postfri laurdag?

Går det mot postfri laurdag?

Jon Olav Ørsal Sundag 8. november 2009

Tidens krav skriv i laurdagsavisa at det kan bli slutt på postombering på laurdagar. Det er «lekkasje» frå ein konserndirektør i Posten som avlører at det er endringar på gang.
I nabolandet Sverige er det mange år sidan dei slutta med postdistribusjon på laurdagar. Posten Norge distribuerer i dag berre dagsaviser og A-post etter som vi forstår.
Her i bygda kan det mellom anna føre til at det ikkje blir distribusjon av dagsaviser via Posten på laurdagar. Les meir om dette på nettsiden til Tidens Krav.

Publisert: 8. november 2009, 13:20