Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Det blir den 2. juli – stiller du på startstreken?

Jon Olav Ørsal Fredag 26. februar 2016

RætaOpp er ein delt av Todalsdagen som i år går av stabelen  2. juli. Under Todalsdagen vil framleis fotballfesta for dei minste stå i høgsetet, men Ræta opp er også ein viktig del av arrangementet, der deltakaravgifta uavkorta går til eit godt formål. Resten av programmet er ikkje klart enno, men det vil etter kvart kome fleire aktivitetar på lista til fotballleiar Knut Bergli i Todalen Idrettslag.  Bergli fortel at det no er klart kven som vil få nyte godt av arrangørens givarglede….

Starten til MiniRæta – arkivfoto: Jon Olav Ørsal

For 2016 er det «Sjukt sprek Trondheim» – www.ungkreft.no/sjuktsprek og «Min dag» www.sanitetskvinnene.no som får nyte godt av dette, og Knut håper sjølvsagt at det blir ekstra mange deltakarar i år, og dermed ekstra mange 50-lapper og 100-lappar å gje vidare til den gode saka.

RætaOpp er altså eit mosjonsløp på 3 km, som har start og målgang på Bordholmen – og startskotet går altså 2. juli kl 12.00.  Startavgifta er kr 50 t.o.m. 14 år og kr 100 for dei som er over 14 år.  – Så da er valet ditt om du vil satse på løyperekord eller om du vil satse på idealtid.  Bli med du og?

Her kan du laste ned invitasjonen til «RætaOpp 2016»

Først publisert: 26. februar 2016, 16:51 - Sist oppdatert: 1. mars 2016, 21:32