Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Den siste ventetida er lang…

Jon Olav Ørsal Tysdag 14. juni 2016

Ved midnatt startar årets elvefiske etter laks og Aure i Toåa. Etter den gode starten på laksefisket i Surna, der fisket starta 1. juni, er det sjølvsagt store forventningar i Toåa også. Eric Malling har opna dørene på Todalshytta for sesongen, og dei første gjestane er sjølvsagt laksefiskarar som skal bu der. Dei siste timane går sakte når du sit og ventar på at klokka skal nå midnatt, men Malling heldt kaffekjelen varm og praten gikk lett – og samtaleemnet var sjølvsagt laksen…

Raudåhølen_0845

Frå Raudåhølen – rundt 12 m3/sek var vassføringa på Storfossen i kveld og dermed fin vassføring for laksefisket. Foto: Jon Olav Ørsal

Det vart mange gode historier og sjølvsagt vart det utveksla erfaring om fiskehølar, slukar og fluer, der dei satt under svalgangen på Todalshytta og venta på at klokka skulle nå midnatt. Tysdag kveld er det fin vassføring i Toåa – vassføringa ved Storfossen er på rundt 12 m3/sek og det er rekna som kjempefin vassføring for laksefisket, seier Ola Bruset som er leiar i Todalen Elveeigarlag.

Vi er optimistar for årets sesong, seier Ola Bruset, som er leiar i Todalen elveeigarlag.

Laksefiskarane rundt bordet på Todalshytta er vel kjent med Toåa, etter fleire år med laksefiske her. Mest langveigsfarande er nok Anders Jonasson som kjem frå Göteborg og Ivar Borthen frå Trysil, medan Bjørn Anthony og Johan Nygård kjem frå Halsa – alle saman gjengarar som trives godt i Toåa.

Du kan også lese om fisket i Toåa på nettsida til elveeigarlaget – Todalslaks.no

Publisert: 14. juni 2016, 21:50