Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Den  siste  var  todaling…

Den siste var todaling…

Elinor Bolme Torsdag 31. mai 2012

I dag var siste dagen for fødeavdelinga ved Orkdal Sjukehus. 4. januar i år vart vedtaket fatta om at fødeavdelinga skulle nedleggast etter mykje om og men. Dette inneber at alle fødande tilhøyrande Orkdalsregionen no må benytta seg av St Olav Trondheim, om dei rekk det…

Søndag var siste sjanse for å bli fødande her, og Torill Gjeldnes rakk det så vidt, då ho og mannen Per Åke Jacobsson nedkom med ein velskapt gut på laurdag, som nest siste fødande. Men den vesle guten vart likevel litt historisk, då han var den siste som reiste heim frå avdelinga i går.

Torill og Per Åke føler seg ivaretatt i følge nettstaden www.stolav.no– Vi synes også det er veldig trist at avdelingen legges ned. Vi er blitt fantastisk tatt vare på de dagene vi har vært her, og forholdene er tette og intime. Det er en fordel for alle parter, sier Torill Gjeldnes og Per Åke Jakobsson. Den foreløpig navnløse gutten enser lite av oppstyret rundt seg på vei ut og hjem, men setter likevel et varig trykk i historiebøkene.

Her kan du lesa kva St Olav si eiga nettside skriv om saka.

Publisert: 31. mai 2012, 21:42