Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Den Gyldne Patron til NRK-journalist Eirik Haukenes

Jon Olav Ørsal Laurdag 7. desember 2013

Det var knytta stor spenning til utdelinga av heidersprisen «Den Gyldne Patron» på Hjortfesta laurdag kveld. Festsjef Ragnar Halle utløyste spenninga da han opna konvolutten og kalla Eirik Haukenes opp på scena i Todalen Ungdomshus. Eirik Haukenes jobbar som videojournalist hos NRKs distrikstskontor i Kristiansund, og var stasjonert i Todalen nokre dagar etter at raset isolerte bygda onsdag 31. juli i år.

Ragnar presiserte under utdelinga at pressedekninga har hatt stor betyding for hanteringa av rassistuasjonen, og spesielt var stor fokus i media ein pådrivar for løysingar både i dei offentlege apparata som kommune, vegvesen og fylke, men også som informasjonskanalar for oss som var berørt og for ikkje minst for omverda. På diplomen står det at Eirik Haukenes får prisen «for fremragende journalistikk og formidling av nyheter fra Todalen i det ”store rasåret”.

Hjortfesta starta imidlertid med tekniske problem. Den skulle nemleg starte med eit videoshow som runda av med jaktvisa. Perikom Light redda imidlertid situasjonen med eit artig viseinnslag, og festa kom godt i gang om enn litt forsinka. Men om digitalteknikken svikta, så tok vertskapet seg godt inn igjen med trakteringa. Vi har vel aldri sett slik oppdekning i Todalen ungdomshus. Kveldens meny var viltrettar av alle slag, og var arrangert som koldbord med både varme og kalde rettar, basert på kortreist og heimlaga mat. Sjefskokk Kjell Arve Vikavoll hausta da mykje skryt frå publikum som riktig kosa seg med maten rundt borda.

Høgdepunktet i den kulturelle del av programmet var sjølvsagt utdelinga av heidersprisen «Den Gyldne patron». Ragnar Halle som stod for utdelinga, sa at «Den Gyldne patron» er den prisen som henger høgst her i kommunen. Det er ein pris for å hedre dei som har gjort noko nyttig for samfunnet, og er ikkje berre ein kulturheder. Eirik Haukenes sette stor pris på heidersprisen han fikk, og i sin korte takketale retta han ein stor takk til todalingane for hjelpsamheita og openheita han har møtt her i bygda. Haukenes sa vidare at han aldri har vore på ein stad som er så integrerande som Todalen. Dette var første prisen han nokon gong hadde fått, og han var glad for at kona Cathrine også fikk være med og treffe todalingane på heimebane.

Det var også fleire kjentfolk på Hjortfesta. Einar Losnegård som var skipper på skyssbåten Tollesund kom for å treffe att kjentfolk i Todalen. Han hadde teke turen frå Sogn for å kome på Hjortfesta, og tykte det var artig å treffe att bygdefolket i ein annan setting enn han var vant til under opphaldet i Todalen. Rune Moe frå grendautvalget i Todalen sørga for at Losnegård fikk med seg eit minne frå Todalen, og kunne berette at skyssbåten Tollesund rakk å frakte 7502 passasjerar før vegen vart opna igjen.

Ellers var det også kulturinnslag, der Odd Arne Vikavoll las diktet «Gravøl i Merradala» av Hans Hyldbakk. Det er også tradisjon med konkurranse på Hjortfesta. Denne gongen var det spørsmål både frå jakt, bygdahistorie og sjølvsagt rasrelaterte spørsmål, der kampen stod mellom dei forskjellige borda. Etter at golvet var rydda var det tid for ein svingom med Perikom Light.

Nedafor finn du eit lite bildegalleri frå hjortfesta 2013.  Alle foto: Driva/Jon Olav Ørsal

 

Først publisert: 7. desember 2013, 23:59 - Sist oppdatert: 8. desember 2013, 22:58