Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Den glade laks….

Den glade laks….

Jon Olav Ørsal Onsdag 22. juni 2011

Laksen var nok ikkje glad, men fiskaren var desto meir oppstemt da vi trefte Tore Kåre Eriksen på Todalshytta onsdag kveld. Eriksen vart den første til å sprengje 10-kilosgransa i år, og ikkje nok med det; han tok ein på 8 kilo tysdag også. Han fortel at storlaksen vart teken på sluk mellom Oddøyneset og Oddøyøran onsdag. Og han hadde nok litt flaks når han tok laksen til lands, for da han skulle ta ut kroken gikk den tvert av! Vi reknar med at det heretter blir fast prosedyre å kontrollere krokane når det settes på ny sluk!

Tysdagens 8-kiloslaks var teken i området ved Fosstrøin, og den på sluk. Det var litt lus på begge laksane, så dei er nok nyleg gått opp i elva. Eriksen fortel at han har intrykk av at det er meir laks i elva i år enn det har vore tidlegare. Dette saman med fin vassføring i elva gjer nok at det er ideelle forhold for laksefisket i Toåa. Yr.no melder om meir regn utover veka, så vi er ikkje så veldig overraska om det kjem meldingar om fleire storlaksar ette kvart.

Tor Kåre Eriksen fortel at storlaksen skal røykjast på eige røykeri heime i Drangedal i Telemark. Kanskje det blir todalslaks på julebordet hos familien Eriksen i år? Eriksen er kjent med Toåa frå før, for dei siste 8 sesongane har han fiska i Toåa, unnateke i fjor sommar. Han trur at han har teke ein laks som er større i Toåa for nokre år sia, men er ikkje sikker. Her må han nok kontrollere loggen når han kjem heim. Kona Marit er nemleg med på alle fisketurane, og fører logg på alle fangstar.

Eriksen og kona Marit bor på Ishuset på Todalshytta no når dei er her på lakseferie. Der har dei muleheit til å kokkelere litt sjølv dersom dei øsnkjer. Men dei har sjølvsagt tilgang til hovudhytta og sanitæranlegget derfrå. Åse Grydeland Øyen som er vertinne på todalshytta fortel at ho har god kontakt med laksefiskarane, og har mange av dei innlosjert på Todalshytta. I år har det nok vore mange turar til frysaren for å fryse ned laks som gjestane har fått på kroken.

Publisert: 22. juni 2011, 19:18