Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Den  første  snøen….

Den første snøen….

Jon Olav Ørsal Laurdag 25. september 2010

Vinteren kryp innpå, og den første snøen er alt komen. Den pyntar faktisk opp i Snøfjellet og Skjeringfjellet, men det har ikkje nokon hast enno. Det er faktisk eit par veker sidan den aller første snøen kom, men den forsvann like fort som den kom. Regnværet vi har hatt dei siste dagane,  har nok kome som snø i høgda.

Snart er det nok tid for å stable unna hagemøblane og gjere seg budd på at det kjem både frostnetter og snø. John Moe hadde fått båten på tilhengaren og skulle få den i hus. Han hadde bestemt seg for at det i år skulle skje før det vart is i småbåthamna utpå Kvendsetørå.

Men før det blir meir snø vil vi nok få nokre fine haustdagar, for yr.no melder om blå himmel og sol fram til neste søndag. Dagtemperaturane er kanskje ikkje så mykje å skryte av, da dei varerer mellom 10 og 13 grader.

Publisert: 25. september 2010, 20:00