Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Den 25. Vårsøghelga snart vel i hamn

Elinor Bolme Laurdag 25. mai 2019

Fredag starta årets Vårsøghelg. Den 25. i rekkja, med eit breitt mangfald på programmet. Fleire av aktivitetane er lagt til Kulturhuset på Skei, og vi har fanga nokre av dei frå fredag og laurdag.

Laurdag var det både torgdag med mange ulike utstillarar, kulturskulekonsert og høve til å sjå kunstutstillinga til årets Vårsøgkunstnar Jeremy Welch i Finstuå. I tillegg var det stor bokutstilling i foajeen med lokale forfattarar frå eller med tilknytning til Surnadal. Her kan nemnast både Bernt Bøe, Svein Sæter og Einar Oterholm. Steinar Hasselø hadde henta fram alle godbitane frå biblioteket i tillegg. 

Einar Oterholm, Svein Sæter og Steinar Hasselø er nok alle tre over snittet interessert i litteratur, og når så mykje lokalhistorie er samla på ein plass blir dei nesten blanke i augo.

Under kveldens Kleivakveld vart kunstnar Jon Arne Mogstad heidra med Kleivaprisen 2019 på bakgrunn av sitt virke som kunstnar og ikkje minst ein pådrivar for å få kunsten attraktiv her i Surnadal.

Årets Kleivaprisvinnar Jon Arne Mogstad. Foto Driva.no

Juryens grunngjeving: 

Årets Kleivaprisvinnnar reiste tidleg ut frå Surnadal, for å studere sitt fagfelt. Frå 80-talet har vedkommande vore aktiv både nasjonalt og internasjonalt. Parallelt med sitt eige kunstnarlege virke, har årets Kleivaprisvinnnar lagt til rette for at stadig nye kunstarar har fått utnytte sitt eige potensiale.

Som de sikkert forstår går årets Kleivapris til eit anna kunstnarleg uttrykk enn ved tidlegare utdelingar. For første gong går Kleivaprisen til ein utøvar av kulturutrykket vi på folkemunne kallar kunst eller bildekunst.

Kleivaprisvinnaren arbeider ofte i store format og har mellom anna hatt utsmykkinga av vårt eige kulturhus, og han har gjort andre monumentale utsmykkingsarbeid rundt om i Norge.
Det blir hevda at årets prisvinnar har ei leikande og eksperimentell haldning til maleriet, og ar han skal ha ein stor del av æra for at maleri ikkje forsvann som uttrykksform, da de digitale media dukka opp på 90-talet. Han var med på å gi rom for at dei nye kunstnarane kunne utforske og kombinere fleire uttrykk .

I tillegg til å vere ein sterk og allsidig kunstar har han gode pedagogiske evner, og slik han tidlegare la til rette for ei blanding av fagområdar har han dei siste åra, saman med andre, fysisk lagt til rette for at kunstnarar kan kome til Surnadal og Surnadal Billag, for inspirasjon og utøving av sin kunst.

Under er fleire bilder frå ein liten runde på Skei dei to første dagane. Alle foto ElinorB

Søndag er det «berre» tre arrangement:

  • Boksøg kl 12 med Edvard Hoem og Svein Sæter i Bondehuset
  • Sommarvind (konsert) I Stangvik kyrkje
  • E slåttatæja kl 18 med Trondheimssolistani på Kulturhuset
Publisert: 25. mai 2019, 21:59