Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Delvis oppgradering.

Delvis oppgradering.

Elinor Bolme Torsdag 7. oktober 2010

Siste kilmometeren fram mot Kårvatn har dei siste vekene vore prega av oppgradering. Her har kommunen rydda veggrøftene, heva vegen og hatt i nokre nye stikkrenner. Ein møteplass har og vorte oppjustert. Også noko av områda breidda med vegen på begge sider har vorte fiffa på med hogst av kratt og planering.

Sjefen for kommunalteknikk i Surnadal kommune, Terje Forberg fortel til todalen.no at dette stod for tur etter at arbeidet med Telstadvegen i Surnadal vart ferdig. Men av av økonomiske årsaker vil det desverre ikkje bli gjort fleire utbetringar frå Falla til Kårvatn i denne omgang, som tildømes oppatt grusing. Så då får vi håpe på stabilt kaldt vinterver så vegen bergar til vårs.

Publisert: 7. oktober 2010, 18:18