Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Dei mystiske boksane

Jon Olav Ørsal Laurdag 25. juni 2016

Dei siste dagane er det sett opp «mystiske» boksar rundt vegane i Todalen – og kanskje andre plassar.  Det er mange som har lurt på kva dei grå boksane inneheld og kvifor deit står der. Ein telefon til Vågland løyste mysteriet, og vi kan røpe hemmeligheita for deg….!

TrafikkBoks2_1212

Denne boksen står monter i S¨ålandsgrenda. Foto: Jon Olav Ørsal.

Nils Erling Skaalvik er oppsynsmann for Statens vegvesen i området, og han kunne fortelje at det var boksar som sørga for elektronisk trafikkteljing, og heldt rede på kor mange bilar som passerer boksen. ÅDT heiter prosjektet og det betyr ganske årsdøgntrafikk. Deti tel altså antal bilar som passerer forbi på vegen.  Kassane an bli ståande ei stund, kanskje fleire år, seier Skaalvik til Todalen.no.

Opplysningane dei får inn – det vil seie trafikkmengda – vil være med og utløyse kravet for vintervedlikehaldet, med tanke på brøyting og skråping.  Dersom du trudde det var fartskontroll som var på gang, så er det ikkje det! – Men vi minner likevel om at det er 50- og 60-sone rundt heile bygda, så det er ingen grunn til å «trå på gassen».

Publisert: 25. juni 2016, 13:38