Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Dataspel kan også vera sosialt

Elinor Bolme Laurdag 21. september 2019

I går kveld var det full 4H-aktivitet i Skulstuå. Da var medlemmane samla til årets happening; LAN. Her hadde rundt 15 ungar og ungdommar samla seg i lag for å spele ulike typar dataspel. Nokon på PC, andre på playstation, telefon eller nettbrett.

Ylva og Maria er klare for ei behagelig natt i Skulstuå.

Mellom spelinga vart det servert pizza til kveldsmat og gjengen leika seg ute på skuleområdet.

Dei aller fleste overnatta, men kanskje ikkje med ei god natts søvn. Dei var likevel godt opplagte når foreldra kom for å hente på formiddagen.

Under er eit lite bildegalleri frå kvelden og morgonkvisten. 

Publisert: 21. september 2019, 09:53