Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Dataklubben til pensjonistlaget

Elinor Bolme Sundag 9. september 2018

Skal dataklubben til pensjonistlaget i Surnadal halde fram? Det er spørsmålet ein håpar å få svar på onsdag 19. september kl. 1100. Da inviterer pensjonistlaget til meiningsutveksling om dette på deira faste møteplass; lesesalen i biblioteket på Skei.

Dataklubben til pensjonistlaget har møtt kvarandre kvar onsdag fram til seinvåren. Det er, rett nok, ingen klubb med faste medlemmer – alle som vil, kan kome. Men interessa dala etter kvart som temperaturane steig i vår, og det har heller ikkje vore enkelt å finne noko nytt innhald til kvart møte. Så pensjonistlaget vil onsdag 19. september invitere til ein idedugnad for å få innspel på kva ein skal få ut av desse treffa, og, etter det, avgjera om dette er muleg, slik at klubben kan halde fram.

Først publisert: 9. september 2018, 06:00 - Sist oppdatert: 8. september 2018, 11:49