Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Data-party

Data-party

Elinor Bolme Laurdag 16. april 2011

Start 4H arrangerer i desse tider LAN på Bordholmen. Dei  starta i 18 tida i går kveld, og skal etter plana halde fram til 14 i dag. Då er det data som står i høgsetet stort sett heile tida, med minimalt med pausar bort frå maskinene. Eit LAN er eit datatreff der dei koblar seg opp på same nettverksadresse og blandt anna spelar spel mot kvarandre. Og når det står at det er frå 18-14, så er det det, for overnatting høyrer slike treff til. Søvn blir det vel så som så med kanskje.

Kaos i kontrollerte former… Start 4H har arrangert slike treff no i fleire år, og har vore så heldige å fått låne gratis nettoppkoblingsutstyr av Svorka Aksess kvar gong.

Dei eldste damene; Kristine Svinvik, AstridLongva Kvendset og Marte Talgø.

Hovudtelefonar er så å seie påbudt for ikkje å forstyrre naboen.

Nokre måtte ut og rasa frå seg etter eit pizzastykkje og ein brus-sup.

Først publisert: 16. april 2011, 08:00 - Sist oppdatert: 15. april 2011, 23:23