Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Dårlegaste sommar i manns minne?

Dårlegaste sommar i manns minne?

Jon Olav Ørsal Laurdag 8. september 2012

Om sommaren 2012 er den dårlegaste i manns minne er vi ikkje sikker på, men statistikken vi har fått frå Jon Bruset fortel oss iallfall at det har vore ein av dei dårlegaste somrane sia han starta med registrering av maksimum og minimumstemperaturar i 1990. Han har gjort ei oppteljing, og sommaren 2012 har berre 17 sommardagar i notatane hans. Ein sommardag er definert som ein dag der maksimumstemperaturen er 20 grader eller meir i løpet av døgnet.

I Jon Bruset sine notarar er det eit år til som tangerer denne «rekorden», og det er sommaren 2000. Da var det også 17 sommardagar, med 3 i juni, 9 i juli og 5 i august. I 2012 er dei tilsvarande tala for sommardagar: 5 i juni, 6 i juli og 6 i august. Gjennomsnittet i perioden er 33, 6 sommardagar, med 8,5 i juni, 14,5 i juli og 10,6 i august. Og dersom minnes den beste sommaren i den same perioden, så var det sommaren 1997. Da var det heile 62 sommardagar, med 15 i juni, 24 i juli og 23 i august.

Det har gjennom perioden 1990 til 2012 vore store variasjonar, men tala for 2000 og 2012 er altså i særklasse, og dei einast åra at talet på sommardagar har vore under 20 i løpet av juni, juli og august som er sommarmånadane. Dei tre beste åra er 1997 med 62, 2002 med 58 og 2006 med 51 sommardagar. Oversikten over sommardagane  finn du i statistikken og den grafiske framstillinga i PDF-dokumentet som du kan laste ned her.  Her finn du også link til langtidsvarselet på yr.no, der du kan sjå kva vêr vi har i vente dei neste dagane.
Publisert: 8. september 2012, 09:46