Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Dåp og sesongavslutning…

Dåp og sesongavslutning…

Jon Olav Ørsal Sundag 30. juni 2013

Søndag var det to barnedåpar i Todalen kyrkje og det var nærare 70 tilhørarar på den siste gudstenesta før ferien. I ferietida blir det inga gudsteneste i Todalen, og neste ordinære gudsteneste blir derfor søndag 18. august.

Dei to dåpsbarna var Vetle Talgø Moen og Per Anders Hønsvik som vart døypt av sokneprest Bernt Venås. Det var ein fin og høgtideleg seremoni, som ein del av gudstenesta. Det er ikkje å ofte det er barnedåp i kyrkja, og desto hyggelegare var det at det denne gongen var to. Vetle Talgø-Moen bor i Oslo, medan Per Anders Hønsvik bor på Kvanne. Vi gratulerer både dåpsbarn og foreldre!

Publisert: 30. juni 2013, 22:15