Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Dametrimmen tek ferie

Dordi Jorunn Halle Torsdag 5. juni 2014

Etter mange gode treningsøkter i gymsalen i vinter var det sesongavslutning for dametrimmen torsdag kveld med tur opp Romålia. Farten opp lia var god, så det er tydeleg at trimkveldane har gjort godt!

Start frå Heggøyann

Start frå Heggøyann: Jorunn, Torill, Maria, Ingrid, Turid, Dordi, Steffi, Britt og Sigrun. Foto: Dordi Jorunn Halle

Vi hadde planlagt rast innpå Bergå, men trugande skyer og ein regneling i Rognnebbå, førte til at vi tok kaffelaget på Haukarsteinen. Det var lurt, for snart regna det godt på oss. Men vi fekk da takka Turid for flott trimopplegg for oss damene, og ikkje minst så er vi retteleg glade for at ho lova å starte opp att som instruktør til hausten! Da er sjølsagt både «gamle» og «nye» trimmarar velkomne.

Pause ved Bakgreista'n

Pause ved Bakgreista’n i Romålia. Foto: Dordi Jorunn Halle

Her er vi komne til Kjippå hass Jostu.  Foto: Dordi Jorunn Halle

På tur nedatt svippa vi oppom Kjippå hass Jostu. Foto: Dordi Jorunn Halle

Kaffepause

Haffepause og samling rund Haukarsteinen. Foto: Dordi Jorunn Halle

Publisert: 5. juni 2014, 23:00