Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Damenes aften samla over hundre…

Damenes aften samla over hundre…

Jon Olav Ørsal Laurdag 19. oktober 2013
Det var god stemning da Byggmakker Surnadal inviterte til damenes aften torsdag kveld. Dette er eit årleg «høgdepunkt», og eit stort hundretal damer sette kvarandre i stemne når dei fekk presentert nyheiter om måling, tapet og design og anna som er det «hotteste» på interiørfronten akkurat no. Ellers var nok Ida Dønheims innslag om vin og tapas med tilhørande smårettsmaking populært innslag.
Utover kvelden var det både demontrasjonar av produkt og innslag der Grete Bergset demonstrerte matlaging i dampomn. Damene på Hageland var også i elden, der Ida Bochkon og Ingeborg Langan viste korleis du kan punte opp i heimen med blomster og dekorasjonar.
nedafor finn du ein bildeserie frå «Damenes Aften» på Byggmakker.  Foto: Ingeborg Langan
Publisert: 19. oktober 2013, 08:31