Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Dalavegen – stengt på dagtid til fredag

Dalavegen – stengt på dagtid til fredag

Jon Olav Ørsal Tysdag 1. oktober 2013

For å sikre mot flom blir Dalavegen fyllt opp på dei mest flomutsette strekningane. Det er i området ved Vassosen, og eit stykke forbi Storenghølen. Her skal vegen byggjast opp med opptil 1 meter på den mest flomutsatte strekninga.  Onsdag startar fyllinga av grov steinmasse, og da blir det umuleg å halde vegen open, fortel Gunnar Bøe frå Surnadal kommune. Dalavegen blir stengt for trafikk ved Vassosen onsdag 2. oktober til fredag 4. oktober mellom kl 08 og 15. Etter fredag kl 15 er veien open for trafikk igjen, og den vil være open heile helga.

Det blir da ein omfattande transport av grovmasse frå raset og opp til Vassosen, og da er det også ein fordel at det blir minst muleg anna trafikk som hindrar steinkjøringa. I neste veke blir det også vegarbeid, men da blir det frakting av finare masse. Da vil trafikken gå som normalt, men det kan bli nokre minutt ventetid innimellom. Det er per E. Gjeldnes Maskin som utfører gravearbeidet, medan Surnadal Transport sørgjer for massetransporten.

Gunnar Bøe fortel at det er gunstig for alle partar at dette arbeidet skjer no. Det blir ein «vinn-vinn»-situasjon der Surnadal kommune sparer på at dei får tilført masse frå raset og at denne massen også kan kome til nytte. Når det skal fyllast finare masse oppå den grove steinmassen, skal det mellom anna brukes masse frå den midlertidige båtvegen i Svinvika, slik at ein også får rydda oppatt etter vegen ned til sjøen der landgangsfartyet kom til land.  Til slutt vil det bli lagt knusagrus til toppdekke på dei to «nye» vegstrekningane. Alt dette skal være ferdig før vinteren gjer sitt inntog.