Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Dalavegen  –  pressemelding  frå  Surnadal  kommune

Dalavegen – pressemelding frå Surnadal kommune

Jon Olav Ørsal Fredag 30. mars 2012

Frå konstituert rådmann Gunnhild Eidsli har vi fått ei pressemelding vedrørande Dalavegen: «Dalavegen opp til Kårvatn i Todalen er stengt, ved Falla oppi Brusetmarka, på grunn av jord-/leirras.  Arbeidet med reparasjon kan ikkje startast før værtilhøva betrar seg og området er trygt for anleggsmaskiner. Ut i frå værmeldingane kan ikkje dette arbeidet ta til før tidlegast etter påske. For fastbuande er det arrangert moglegheit for omkjøring over privat eigedom. Det same gjeld for transport i nødsfall.
For nærare informasjon kan Surnadal kommune sitt sørviskontor kontaktast på tlf. nr. 71 65 58 00».

Publisert: 30. mars 2012, 13:48