Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Dalavegen stengt på dagtid – oppdatert

Dalavegen stengt på dagtid – oppdatert

Jon Olav Ørsal Måndag 14. oktober 2013

Dalavegen vil halde stengt nokre dagar til.  Det står ennå att litt oppfyllingsarbeid ved Vassosen, og dette arbeidet fortsett måndag og utover veka. Det er noe fyllt opp ca 1/4, av strekninga ved Vassosen, og Gunnar Bøe ved Surnadal kommune reknar med at oppfyllinga er ferdig til komande helg. Da vil vegen bli opna for trafikk  på dagtid igjen, men framleis kan det bli litt venting for å koma gjennom.

Det som da star att er finpuss av vegbanen og grusing av toppdekke. Per E. Gjeldnes Maskin som er maskinentreprenør for prosjektet håpar at alt skal bli ferdig før det blir vinter og snøfall.

Publisert: 14. oktober 2013, 10:08