Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
«Dagmars» herjingar

«Dagmars» herjingar

Jon Olav Ørsal Tysdag 27. desember 2011

Stormen «Dagmar» gjorde ein del skade i Todalen. Verst var det på Ansnessaga, der taket på materialtørka hamna på vegen mellom tørka og fabrikken. Lause plankar og deler slo også hol på taket på fabrikken, og forvridde takplater var strødd omkring. Vidare var det nok fleire tak som vart skadd i den sterke vinden, som nok var på topp i styrke litt før midnatt 1. juledag.  Frå todalskrysset og innover til Todalen var det mange trefall både over vegen og på kraftlina.

Oppryddingsarbeidet tok til tidleg på morgonen, og vegen var fort rydda og farbar igjen. Verre var det med kraftlinja inn til Todalen. Den var ikkje klar før i 22.30-tida 2. juledag, etter at montørgjengen til Svorka hadde gjort ein kjempinnsats. Oppover bygda var det ikkje store skadar, men mange tre måtte gi seg for overmakta.

På Ansnessaga starta Palmer Vikan og Ivar Bolme straks med opprydding og sikring av bygg og materialar.

Her finn du eit bildegalleri frå «Dagmars» herjing i Todalen.   Alle foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 27. desember 2011, 01:09