Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Dagens formann har lang fartstid

Elinor Bolme Onsdag 12. februar 2014

Ragnar Halle har for ei lita stund sidan sendt oss eit blide får 1956, teke på trappa på hovedhuset på Kårvatn. Bildet viser 16 medlemmer i Todalen sanitetsforening og fire ungar som også fekk være med på fotoseansen. Ragnar er ein av dei og står ytst til venstre, i lag med Dordi Jorunn Halle, Maren Ansnes og Erik Kårvatn heilt tilhøgre. Maren er som dei fleste veit dagens leiar i foreninga.

Vi har med god hjelp klart å navnsette alle kvinnene på bildet:

Bak frå venstre litt i sikksakk: Ingrid Halle (Bakkå), Inger Talgø (Talgø), Ragna Ansnes (Pestua), Sigrid Talgø (Elvestad), Andrea Kvendset (Viastua), Guro Ansnes (Ansneset), Erna Bruset (Bruset), Målfrid Wulvik (Meieriet/Tovbu) og Anna Søyset (Moa).

Fremst frå venstre: Brit Ørsal (Ørsal), Olina Halle (Kårvatn), Johanna Kvendset (Lauvås), Margrete Kårvatn (Gimle), Olina Kvendset (Utigard på Kvendset), Ingeborg Ørsal (Myrvang) og Randi Kårvand (Dalahaugen).

Korreksjonar og anna relevant info mottas med takk.

 

Først publisert: 12. februar 2014, 07:00 - Sist oppdatert: 13. februar 2014, 18:05