Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Dagar med variert aktivitet i Sanitetsforeniga

Dordi Jorunn Halle Tysdag 17. april 2018

Dei siste dagane har det vore variert aktivitet i Sanitetsforeninga med leseven i skulen fredag 13, april, dagen etter var det strikkekaffe og på måndag som vanleg Kløvertur. Og i dag er det  Estlandsinnsamling.

 STRIKKEKAFFE

Frå september og fram til no har det tredje kvar laurdag vore arrangert strikkekaffe. Laurdag 15. april var det sesongavslutning, og heile femten damer kosa seg med handarbeid, kaffe og loddsalg i Sanitetshuset. Det var diktlesing, triveleg prat og god stemning rundt borda. «Og når hausten kjem, møtest vi igjen til strikkekaffe,» seier Jorunn.

KLØVERTUR I GAMMELVEGEN

Vekas Kløvertur gjekk ute i Gammelvegen med start i Svinvika. Utpå Kammen vart det kafferast og sola gløtta fram. Turen vidare gjekk opp vegen til Hjellnes og så ned att til Svinvika. Dette er ein riktig så fin tur, idyllisk veg og flott utsikt i mange retningar.

Rart å tenkje på at ein gong var dette bilveg! Foto: Dordi J H

Neste Kløvertur går måndag 23. april. Vêr og føre bestemmer turmålet, men truleg blir det start frå Bruset med tur langs elva innover til Hengebrua. Kaffepause i gapahuken nede på elveøra nede på Brusetneset.  Meir info i Aktivitetskalenderen seinare.

Og i dag, onsdag 18. april, er det innsamling av klede til Estland. Mottak i Sanitetshuset frå 16.00 til 19.00.

Solid bord oppå Kammen – der er det kjekt å ha kaffepause. Foto: Dordi J H

Sosialt og godt å gå tur i lag. Foto: Dordi J H

 

Først publisert: 17. april 2018, 23:04 - Sist oppdatert: 18. april 2018, 20:34