Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Cupdag på Trollbanen

Cupdag på Trollbanen

Elinor Bolme Sundag 9. september 2012

I dag har det vore arrangert Rindals cup på Trollbanen i Rindal. Søya/Todalen stilte med tilsaman 4 lag, i klassane G8/J8, G10 og G12.  Banen bar tidleg på kast preg av all nedbøren som har vore den siste veka, så det var ikkje så mange reine fotballspelarar  å sjå utover dagen. Men rindalingane hadde overmakta med seg, då vi fekk opphalds med til og med sol utover dagen.

Alle «våre» lag kosa seg på Trollbanen, likevel om det var både vått og litt tap for nokre av dei. G12 laget tapa ein kamp mot Surnadal, men vann to mot begge rindalslaga. Knøttelaget var tidvis overegne, dei vann 2 og tapa 1,ifølge Trollheimsporten. G10 sitt mannskap stilte med to lag, og gjennomførte til saman 7 kampar med varierande resultat.

Under er nokre bilder frå ein triveleg dag oppi Rindala. Alle foto ElinorB

Publisert: 9. september 2012, 19:33