Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Canadisk  på  Todalsøra

Canadisk på Todalsøra

Jon Olav Ørsal Sundag 20. juni 2010

Han ante nok ikkje at han skulle bli borte så lenge da han i 1966 reiste frå Norge til Toronto for å ta seg jobb. Etter å ha gått ut frå Göteborgs tekniska institut i 1965 og jobba eit år hos NEBB var Svein Halle klar for nye utfordringar. I Toronto vart det først nokre småjobbar, men så fikk han jobb som maskintestar hos Massey Ferguson. 

Svein Halle (70) voks opp på Naustvollen på Todalsøra, som yngste son til Emma og Erling Halle. Da Todalen.no trefte han var han heime i Todalen ein snartur for å helse på slekt og vener. Medan mora Emma levde var han heime ein tur kvart år, men no blir det litt sjeldnare, fortel han. Men sjølv om han har vore lenge borte er han ”todaling og sjynågarding” av heile sitt hjarte, skjønner vi snart. 

Gründer
Men i Toronto vart  det først jobb i Massey Ferguson, men vidare vart det snart jobbing med sal av hydraulikkutstyr til sagbruk, gruver for papirindustrien. Seinare bar det til Vancouver, der han framleis bor. Da den store oljeleidningen frå Canada til USA kom, var tida komen for å etablere eige firma. Dei laga utstyr til hjelp ved nedgraving av oljeleidningen og gjorde det godt med det. Med denne jobben fikk firmaet skikkeleg fotfeste, og seinare vart det fleire verkstader i fleire delstatar. For nokre år sidan var tida inne for å selje firmaet og trekkje seg litt attende og ta det meir med ro. Svein sit enno med eigedomane som han no leiger ut, men no er det segling og golf som opptek det meste av tida. 

Ofte i kontakt med Todalen
Svein fortel at han ofte er i kontakt med Todalen. No blir det mest pr. telefon og sjølvsagt e-post. Han hadde ikkje oppdaga nettsida ”Todalen.no” før han kom hit no, men han blir nok ein fast nyheitslesar i fortsettinga. Kanskje kan vi også få litt nytt frå Canada etter kvart. Da han var heime var han på fottur til familiehytta Kikut som ligg oppunder Litjfjellet. Første gongen han var der var han 5 år, og han minnes mange turar dit og til Vassnebbvatnet seinare. 

OL-eventyr
Svein fekk oppleve OL-eventyret i Vancouver på nært hald. Han fortel at det var eit eventyrleg engasjement i folket, og heile byen stod på ende under OL. Svein sjølv heia på Canada på ishockeyarenaen, medan han heia på Norge på langrennsstadion. Det bor ca 2,5 mill i Vancouver, medan det er rundt 40 mill. i heile Canada.   

Takk for praten
Todalen.no takker for praten vi fikk med Svein, og ønskjer lykke til med 70-årsdagen. Svein fyller 70 om eit par veker, og vi forstod at det skulle feirast saman med familien i Vancouver. 

e-post
Svein er glad på e-post, og du kan nytte følgjande adresse til Svein: shalle@dccnet.com 

Først publisert: 20. juni 2010, 11:40 - Sist oppdatert: 23. juni 2010, 06:50