Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Bygg reis deg – i Steinarstua

Jon Olav Ørsal Laurdag 18. januar 2014

Det har på nyåret vore stor byggeaktivitet i Steinarstua. Det vises ikkje så mykje frå vegen, men Frode Grønmyr fortel at det blir bygd til ein ny seksjon til våningshuset. Tilbygget er på knappe 30 m2 i to etasjar, og skal gi plass til nytt boareal.

Steinarstua_0246

Snekkararbidet har gått fort unna i det fine vintervêret vi har hatt. Foto: Jon Olav Ørsal

Samtidig skal eit gamalt tilbygg rives, og det skal lages nytt inngangsparti. Men det meste av arbeidet vil nok foregå innvendig, ettersom alle golv i den gamle delen av huset skal renoverast og det skal legges inn vassboren varme i heile 1. etasjen.

MartinMelhus_KjetilFuglsoy_0247

Martin Hunnes og Kjetil Fugelsøy frå Byggfirma Olav Haugen har fått opp råbygget i ein fei. Foto: Jon Olav Ørsal

Det er Byggfirma Olav Haugen som har dette byggeprosjektet, og snekkarane Martin Hunnes og Kjetil Fugelsøy har alt fått opp råbygget og er klare for å montere inn vindauge og få på utvendig kledning. Dei prisar vêrgudane som har sørga for ypperleg snekkarvêr så langt i vinter, og når det blir vintervêr har dei godt med innearbeid utover etterjulsvinteren.

 

 

Publisert: 18. januar 2014, 00:12