Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Bygg reis deg – hytte på ein dag

Jon Olav Ørsal Onsdag 2. juli 2014

Det går fort å sette opp eit hyttebygg no for tida. Einar Talgø og familien byggjer hytte på Neslandet, og sist torsdag var dagen komen for at hytta skulle leverast og monterast på tomta. Hytta er eit elementbygg frå elementfabrikken til MøreTre, og med bilveg fram til tomta vart hytta levert på to lass med kranbil.

DSC_3474

Montering av elementbygg går uttruleg for på byggjeplassen – elementa blir heisa på plass med kran. Foto: Jon Olav Ørsal

Elementa er da framstillt industriellt på elementfabrikken i Surnadal, med vindua ferdig montert og klart for å monterast saman direkte på den ferdig murplattingen på byggjeplassen på Neslandet. Kjell Ivar Bøvra frå Bøvra transport stod klar til å heise elementa på plass da snekkarane Lars Kvendset, Gunnar Nordvik og Bjørn Ranheim kom på byggeplassen i 7.30-tida. Litt klargjering måtte gjerast, men snart var første elementet montert på plass.

Deretter gikk det slag i slag og etter 2-3 timar var elementa på første lasset ferdig montert. Ventetida på neste lass vart bruka til å sette opp skiljeveggar, som var levert ferdig kappa, og når Bøvra kom med lass nr 2, var skiljeveggane klare og monteringa av element kunne fortsette. I løpet av 2-3 nye timar var resten av elementa montert, og da var det takbjelkane som stod for tur.

Neste dag var det montering av taksperrer og tro som stod på programmet til snekkarane, og i løpet av 2-3 dagar var det tett bygg og klart for å starte innreiingsarbeidet. Stor fordel med så kort byggetid på byggeplassen. Samtidig får en effektiv produksjon av elementa i elementfabrikken, der ein har tilgang på maskinellt utstyr i arbeidet og dermed reduserte kostnader.

 

Først publisert: 2. juli 2014, 06:00 - Sist oppdatert: 1. juli 2014, 23:52